Odda Musikklag

 


 
 

 
 

Presentasjon

 

Odda Musikklag vart danna i 1907 og har såleis passert sine 100 år. Korpset har ei svært stolt historie å sjå tilbake på der det i sterk grad har prega by- og kulturlivet i Odda på mange område og ved mange anledningar og spesielle arrrangement. Enten det er eit demonstrasjonstog for gode kampsaker i lokalmiljøet, julespelingar eller eit karnevalsopptog gjennom sentrum for borna.
Utanom dei tradisjonelle speleoppdraga i mai, er andre faste konsertar Julekonserten i Odda kyrkje og Nyttårskonserten litt utpå nyåret der vi ofte har hatt med kjente nasjonale gjesteartistar.

Dagens musikkbilete vert imidlertid meir og meir prega av at vi legg opp til konsertar med spesielle tema / prosjekt og medverknad frå først og fremst andre lokale musikalske krefter.
Frå dei siste åra kan vi m.a. gjerne nemna to store vårkonsertar i Lindehuset saman med Tyssedalskoret der temaet var 70 – talls musikk. Nyttårskonsert saman med Odda Songlag der fransk musikk var temaet. Festforestillingar i Kinosalen under Litteratursymphosiet der eit prosjektet var tungrockmusikk i samspell med lokale band, og der det andre prosjektet var med fokus på filmmusikk. Nyttårskonserten 2011 hadde latin-amerikansk musikk som tema.
For nokre år sidan var for eksempel temaet opera- og musical musikk med operasongaren Arild Helleland som solist.

Odda Musikklag har til tider i si lange historie også delteke mykje som konkurransekorps.
På 60 – og 70 – talet var korpset nesten årleg deltaker i HordaAmatøren og alltid med topplasseringar i 1. divisjon. I løpet av dei 10 – 15 siste åra har vi delteke mange gonger på konkurransen Jan Am i Haugesund / Stavanger.
I 2010 begynte vi igjen i konkurransen HordaAmatøren i Bergen og då i 3. divisjom som Odda Musikklag vann. I 2011 deltek korpset derfor i 2. divisjon i denne konkurransen som vert arrangert i slutten av oktober.

Musikklaget er svært avhengig av at Odda skolekorps får god rekruttering og stabil drift, og at vi vidare kan rekruttera musikarar derifrå etterkvart som dei har alderen til det. Det året dei fyller 15 år, kan dei unge begynna i Odda musikklag og då som aspirantar slik det står i vedtektene våre. Hausten 2011 begynte det for eksempel 3 unge frå skolekorpset og neste år er også fleire aktuelle.

Heldigvis har vi i løpet av dei siste 5 åra også fått 8 - 9 tidlegare aktive musikarar som medlemer igjen.. Desse har vore borte i mange år frå korpsmusiken, men er no vorte svært så habile på sine instrument igjen. I nokre tilfelle har vi også rekruttert tilflytta personar som har musikalsk bakgrunn.

Entusiastisk og ambisiøs, profesjonell og svært dyktig dirigent sidan 2007 for Odda Musikklag er Petro Romanyshin. Han kjem opprinneleg frå Ukraina.

Vi øver kvar måndag kl. 18.00. – 21.00 og kvar torsdag kl. 18.00. – 20.00 i lokala i Gamle Yrkesskolen.



Website counter

Odda Musikklag © 2011 • Privacy Policy • Terms of Use